Laddar Evenemang
Detta evenemang har redan ägt rum.
Bjørn Kåre Odde har som utøvande musikar vore med på nærare 20 plateprosjekt. Men i fylgje han sjølv er «Folk Chamber» debutalbumet hans. Dette er, som tittelen tilseier, kammermusikk, og repertoaret består av hans vakre, enkle og underfundige melodiar ikledd varm stryk.
Odde har i snart eit tiår vore ein av dei mest attraktive felespelarane i Norge – som konsertmusikar så vel som dansespelemann. Det er tradisjonsmusikken frå Gudbrandsdalen som ligg i botn, og med erfaring som komponist og arrangør har han også fått merksemd langt utover folkemusikken i både inn- og utland.
Till toppen